• BILETE     • KONTAKT     • SKISKULE     • KAJAKKURS     • BLÅTUR     • GUIDING     • OM OSS     • UTSTYRSUTLEIGE 

Om oss
Skiskule
Kajakkurs
Blåturar
Guiding
Bilete




Guiding



Sykkylven og Sunnmøre ligg midt i smørauget for ei heil rekke friluftsaktivitetar med spisse fjell, flate fjell, fjordar, fiskevatn, sætrar og brear.

Vi kan guide deg trygt gjennom dette vakre og ville landskapet og her finn du eit utval av turar og opplevingar.

  • Turar i fjellet på ulike nivå. Frå vandring til "lett" klivring
  • Fisketurar; snekke m/ fiskeutstyr, plass til ca. 6 personar
  • Lett brevandring, 8-10 personar
  • Kanoturar; ca. 8 personar
  • Tur med overnatting i lavvo, 12-15 personar
  • Toppturar på ski og snowboard



















    Turar i fjellet

    Vi tek dykk med på guida turar til nokre av dei finaste toppane på "Rånahalvøya". Du er med på å bestemme nivå, så hjelper vi deg med å plukke ut toppar, eller ruter som er tilpassa nivå og målet med turen.

    Forslag til turar:

    Litt luftige :

  • Hammarsettindane
  • Straumshornet
  • Gimsdalstind
  • Trollkyrkja


    Enklare turar med fin utsikt :

  • Skorpshornet
  • Sandvikhornet
  • Borgundkollen
  • Urfjellet

    Dette er berre nokre få av utallig mange fine turar i Sunnmørsalpane. Vi har sjølvsagt tau , klatreselar , og anna sikringsutstyr dersom ein måtte ha behov for dette. Dersom det er ynskjelig å bruke heile dagen , slik at det skal lagast middag etc. , så kan vi ordne det. Vi kan og arrangere turar med overnatting i fjellet.


    Oppatt











    Fisketur på fjorden

    Har du lyst ut på fjorden ein tur for å fiske?
    Vi kan ta deg med på fjorden i snekka, "Otto 1", som har plass til 6 personar. Ein slik tur kan og kombinerast med å gå i land for å grille, etc. og vi har fiskeutstyr og nødvendig tilbehør.

    Vi kan og planlegge fisketurar i nokre av fjellvatna våre. Alle turane kan kombinerst med overnatting.


    Oppatt











    Brevandring

    Har du lyst til å gå på isbrear? Vi har utstyr og kan ta deg med på Regndalsbreen eller Gullmorbreen.
    Du treng ikkje nokon spesiell bakgrunn eller erfaring, men du må ha litt "stive" fjellstøvlar som passar til stegjern.


    Oppatt











    Kanotur

    Har du lyst til å padle kano på eit av dei flotte fjellvatna våre er du velkomen til det.
    Vi leiger ut kanoar, og kan også instruere litt viss det er behov.
    Kombinasjonsturar med padling og fjelltur kan anbefalast, og har du lyst kan vi ordne med mat på steinaldervis?!


    Oppatt











    Overnattingstur i lavvo

    Sykkylven Aktiv har to stor lavvoar med plass til 10-15 personar i kvar.
    Kombiner gjerne fleire av tilboda våre og ta overnatting i lavvoen med fyr på bålet og gode historier.
    Også her kan vi lage mat og stå for all praktisk tilrettlegging. Lammelår i kokegrop kan anbefalast, og du har neppe smakt noko betre!


    Oppatt











    Toppturar

    Både sommer og vinter er Sunnmørsalpane eit eldorado for deg som vil sveitte litt for uslåeleg utsikt og store opplevingar!
    Med ski på beina eller med truger og snowboard viser vi deg den finaste utsikta og dei beste nedkøyringane.
    Vi tilpassar turen etter ønsker og nivå, og vår kunnskap sikrar at tryggleiken blir tatt i vare.


    Oppatt